Visjon

Då eg såg over såpeskummet
snøfjella bli gylte av raud prilsol,

kunne det andre verset
bli slik:

Den som kan gni sitt ansikt
mot slik ein morgon vil
alltid like å leve.
Oskar Stein Bjørlykke

Vi skal ikkje sova

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Ho er for ljos til det -
Då skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra isaman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som krusar med dogg vårt hår.

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppspelet i eng
men vandra i lag under bleikblåe himlen
til fuglane lyftar veng.

- Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
like til morgongry.
Aslaug Laastad Lygre

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge

-kom ikkje med heile sanningi

Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikkje med havet for min torste,
kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom,
slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.
Olav H. Hauge

Åndeleg fattigdom

Heretter finst det ikkje
lenger åndeleg fattigdom

Heretter finst det berre
dom over den fattige ånd

som seier at den fattige
har si rike ånd å ta vare

på, medan den rike må vere
fattig i ånda for å kunne

ta vare på sin rikdom.
Oskar Stein Bjørlykke

Ein er for lite, men ein er nok

Ein er ikkje nok.
To er ikkje nok.
Tre er ikkje nok.

Elleve er også for lite.
Og tolv.
Og tretten.
Ikkje eingong fjorten er nok.

Men femten.
Når femten mann tar tak
i den tjukke jernplata
som er så stor som eit golv
og som det står ein mann på
og spelar trekkspel.
Då løfter dei den
over hovudet som ingenting.

Nå kan du til og med danse oppå.

Og dersom han som spelar trekkspel
verkeleg er ein spelemann.
Då kan også dei femten karane
dei som tok i og løfta
kome oppå og ta seg ein dans.

Ein skikkelieg spelemann er nok.
Einar Økland

Flytt deg litt da

Å la meg berre
få strekke meg litt
Det verkar i alle musklar
av å site ihopkrøkt og vente

Ta armane vekk så eg kan
tøye meg heilt til månen
og slenge han
i hovudet på deg.
Marit Tusvik

Kjærleiksdikt

Det er så godt
å vakne om morgonen
heilt åleine
og ikkje måtte seie til nokon
at du elskar dei
når du ikkje elskar dei
lenger.
Richard Brautigan

Ensomhed

Når jeg er mest alene
synger det i mine grene:

Var du blot her.
Min seng er altfor stor
og kornet dør,
hvis det ikke dør i jord.

Men er vi længe sammen
hvisker det bag stammen:

Var jeg blot alene.
Min seng er altfor trang.
Jeg længes mod
min længsels grenesang.
Ove Abildgaard

Lagnad sa vi

når vi slumpa til å snåve i einkvan
lagnad sa vi
og filtra oss redde inn i kvarandre
lagnad sa vi
og avslo å få låst opp lenkene
men let dei sløvt gro inn
lagnad sa vi
og kasta alle nøklane i havet
lagnad sa vi
og la fleire tunge bører på den berande
lagnad sa vi
og smitta barn med øydeleggande sjukdommar
lagnad sa vi
og heldt den unge under vatnet
lagnad sa vi
når folk i grannelaget svalt i hel
lagnad lagnad sa vi taktfast
hamra spikrar inn i kista
og overdøyvde protestane til han som låg der
lagnad sa vi
og sette tunge steinar over opprørsmenn
(som var vi redde at dei skulle koma opp or jorda att)
lagnad sa vi
medan nye hemmelege transportar rulla tungt forbi
og prestar gjorde krosstegn over alle segl
lagnad sa vi
til barns beinstumpar og brede andlet

lagnad seier vi
og vaskar ikkje berre hendene
men legg dei frå oss òg
Arnljot Eggen

Når førti vintrar inntar panna di

Når førti vintrar inntar panna di,
grev djupe grøfter i din venleiks eng,
så vil din stolte ungdoms kledning bli
eit usselt filleplagg som ingen treng.

Spør dei då kor all din venleik er,
den skatt du tærde på i ungdoms fryd,
og syner du dei sokne augnekrær,
var dette blodig skam og fruktlaus dyd.

Kor mykje sterkare din venleik var
om du kunne seia: "Hos meg står
mitt vakre barn i all prakt eg bar."
Som auka stort din venleik år for år!

Det var å yngjast opp i alderdom,
la ungt blod verma kalde hjarterom.
William Shakespeare

To tunger

To tunger har mitt hjerte.
To viljer har mitt sinn.
Jeg elsker deg bestandig,
og jeg blir aldri din.

Dypt i det røde mørket
fikk livet dobbelt form.
Der kurrer det en due.
Der hvisler det en orm.

To tunger har mitt hjerte.
Hør på det likevel.
Bli hos meg og gå fra meg
og frels meg fra meg selv.
Inger Hagerup

Midt mellom

Midt mellom fellesskapet og fridomen låg også
angsten. Du ville vera heilt nær og heilt fri.
Eg merka korleis du heldt fast i handa mi,
og rømde.
Oskar Stein Bjørlykke

Når alt er rundt

Den gode gule månen
står full og rund
i djupe blånen.

Ein liten trut på jord
får møte mot ein annen.
Utan ord.
Tarjei Vesaas

Nei eg godtar aldri at sameinte sjeler må

Nei eg godtar aldri at sameinte sjeler må
møta hindringar. Kjærleik er ikkje kjær
når han endrar seg der endringar kjem på,
eller lempar seg og fer med det som fer.

Å nei! Han er ei fyrlykt, klar og fast,
som vend mot stormen aldri vik frå staden,
ei leiestjerne for kvar villfaren mast,
av ukjent verd, om kjend er høgdegraden.

Tida kuar kje kjærleiken, om raude kinn
og lepper er der sigden hennar skjer.
Kjærleik endrar seg ikkje som timar, veker svinn,
men varer heilt til dommens dag er nær.

Var dette feil, og eg var skuldig der,
så skreiv eg aldri, var ingen elskar kjær.
William Shakespeare

Heller poetiske sprettrumper

Aldri
blir dere ferdige
med å trimme og overby dyreriket
Vet dere ikke
at bortbarberte avarter
sitter fastpresset i herbariet for alltid?

Hva skal dere påta dere
alt dette løsskjegget for,
når vi så mye heller vil ha
løsmunnede lekekamerater?

Stikker dere bort og fram
med Hum Hum
fra råtne barer
og ølskummende kjellerdyp

Når vi så mye heller vil ha
helårs gatesangere uten en skam i livet,
vinkende sjøanemoner, poetiske sprettrumper,
blinkende klarsignal og
sjenerte kjærlighetserklæringer
på hvilket språk som helst!

For vi knekker
når den velstemte bassrøsten
snubler i en veik replikk,
og da -
ikke før,
åpner vi barndommens grønne lunger
og bretter ut en blomstereng!
Cathrine Grøndahl

Det sandeste

Hvad han hvisker, når han hviler
ved din side, svøbt i duften
af dit lyse hår og gemt i
dine sansers mørke prgt -
hvad hans hjerte råber til dig,
hvad der toner gennem luften,
skal du gemme, tro - og glemme
mest af alt hvad han har sagt.

Og han lyver ikke for dig,
når han hviler ved din side,
når han kysser dine øjenhår
og synker mod dit skød,
når han brænder ord imod dig,
som du aldrig skulle vide,
når han løser alle lænker
af sin længsels unge glød.

Du skal bare ta' imod det
som et lille dyr i livet,
hed af glemsel, stum af lykke
ved at gro og være til,
du skal åbne dig og grådigt
drikke alt hvad han har givet,
du skal tro på det han hvisker
i det korte, stumme spil.

Men når natten er til ende,
og de pigelige kræfter
ikke mere når hans sanser,
skal du skjule dig igen,
skal du glemme hvad han hvisked,
hvad han græd og længtes efter;
hvis du gør dig ondt at mindes,
skal du glemme det igen.

Men det sandeste i verden
skal du vide, er hans stemme,
når han hviler ved din side,
når han er dig ganske nær;
hvad hans hede læber hvisker,
skal du gemme, tro - og glemme,
det er livets dybe åndedrag,
er drøm og stjerneskær.
Tove Ditlevsen

Den kjære sver at ho er tru og rein

Den kjære sver at ho er tru og rein.
Eg veit ho lyg, men trur kvart ordet blindt,
slik at ho ser meg som ein urøynd ein,
uvitande om alskens løynde hint.

Slik er eg innbilt ung i hennar blikk,
endå ho veit eg såg mi beste tid.
Einfaldig går eg god for slu taktikk.
Og slik lar begge einfelt sanning li.

Men korfor skjuler ho kor treisk ho er?
Og korfor teier eg om mine år?
Åh, kjærleik vil stå fram i ærleg skjær,
og gammal elskar elskar ikkje år som går.

Så ligg me her og lyg kvar enda dag,
og dekkjer våre feil med løgn i lag.
William Shakespeare

Vanskelig å gjøre det slutt

"Vi har ingenting til felles," sa jeg.
"Vi er to fullstendig forskjellige personer.
Det er ingen vits i at vi er sammen."
Men så begynte hun å gni penisen min
utenpå buksene mine, & plutselig husket jeg
at vi begge likte indisk mat.
Hal Sirowitz

Avgjerd

Du spør om eg likar
å sjå på deg

Å ja, du
er mitt finaste kunstverk

Det er difor eg snart
spikrar deg opp på veggen.
Ann Kavli

Trøstedikt for dei som treng det

Gi ikkje opp,
du som er gift
og framleis er glad i dei glatte
og faste og slanke og brune og lang-
eller korthåra jenter
med heilt ufarlege fall mellom låra.

Kanskje er også di kone vakker.
Gi ikkje opp.

Kanskje er du også stygg.
Gi ikkje opp.

Kanskje har du den største glede i senga
av alle som sit eller står på trikken.

Opp mellom folks føter er heile verden
ein annan verden,
som liknar vår
til forveksling.

Den er ikkje berre god.
Der er ikkje berre godt å leve.
Der er trongt eller einsamt, for varmt
eller kaldt,
og den største
urettferd rår.
Der er høge skattar og låge innkomer,
arbeidsløyse, for mange barn og elendig helsestell der.

Ja, mellom folk føter er også skolestellet elendig,
nesten som i eit utland.
Segregasjon og språkvanskar, slit og forkjøling
mellom alle folks føter.

Alle vil bu der. Prisane stig.
Snart må ein stå. Blir det likt for alle?

Likevel.
Du som er gift og har meir
lyst på jenter enn plassen tillet,
gi ikkje opp!

Kanskje er også di kone under
ein framands oppsikt.
Og ein dag eller seinare nå
vil du møte henne
ein ukjend stad
nesten åleine
i blomstrande kjole
med opningar overalt.
Einar Økland

Bortanfor stunda

Bortanfor stunda,
bortanfor trettinga
bortanfor pininga
bortanfor harmen

er det ikkje deg
eg ser?

Og aldri var du finare
mot meg,
og vakrare.
Tarjei Venaas

Eit ekteskap

dei blei ein gong liggjande
attmed kvarandre
i stokken

det hadde vore syltetøy på hendene
som blanda korta.
Ingvar Moe

Jeg puslær meg framover

Jeg puslær meg framover veien,
det er stritt, men jeg klarer'e vel,
og får jeg en stein neri sko'n min
så haltær jeg videre lell.

Jeg vil heller bli bakerst i flokken
og kallæs for puslete, sein,
enn å væra så hard under beina
at jeg ikke kan kjenne en stein.
Margaret Skjelbred

Slik eg ser det

Det er sikkert dei
som grublar på renter,
medan andre er ute
og dansar med jenter.

Det er sikkert dei
som høyrer talar av Gro,
medan andre syng songar
på ei koselig kro.

Det er sikkert dei
som vil opp og vil fram,
medan andre er galde,
når dei kan dela ein dram.

Det er sikkert dei
som brukar tida nyttig,
som ikkje har snubla
sidan åtteogsytti.
Dei er sikkert smarte,
dei er sikkert best,
men aldri om eg ber
dei heim på ein fest.
Arne Hjeltnes

Naturdiktet

Månen
er Hamlet
på motorsykkel
kjørande nedover
ein mørk vei.
Han har på seg
ein svart skinn-
jakke og
støvlar.
Eg har ingen stad
å dra.
Eg skal kjøre
heile natta.
Richard Brautigan

På slike dagar

På slike dagar tenkjer vi på bål og eit mørkt regn.
På ei røykstrime på himmelen og eit fly som passerer.
På den grå søvnen som lukkar horisonten.
På lyden av klirrande tomflasker i ein plastpose.
På slike dagar har trafikklysa si blinking
hemmelege meining.
På slike dagar ser ein lenge på vekslepengane og snakkar lite.
Finn Øglænd

For kjærlighet er vin

For kjærlighet er vin
en dårlig medisin,
ti når de kommer sammen,
forsøkes alltid flammen,
on når de sammen kommer,
så blir det alltid sommer,
og sommeren er het,
som gud og hvermann vet.
J.H. Wessel

Etter ein rangel

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
      trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
      trur eg.
Eg skal aldri skråla visor mer i laddevinsrus,
men syngja åndelege songar på Zions bedehus,
       trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
      trur eg,
og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan,
        trur eg.
Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelege ting,
       trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
       trur eg,
koma ruslande på heimveg uten stivety og hatt,
      trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol,
og stå upp når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
        trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg, som sagt,
        trur eg,
taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
       trur eg.
Men idag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus til å læske meg på fyrst,
        trur eg.
Jakob Sande

Mitt skip seiler

Mitt skip seiler
uten ror og havn.
Har du sett min beiler?
Kjenner du hans navn?

Mitt skip seiler
uten vind og strøm.
Borte er min beiler.
Og hans navn er en drøm.
Inger Hagerup

Ein barnesko

Eg var så trøytt av dagen
eg stunda etter ro,
no skulle det bli godt å gå til kvile.
Men som eg gjekk og rydda
eg så ein liten sko,
ein barnesko, som leita fram att smilet.

Han var så god og liten,
så hjelpelaus og tom.
Han stod der liksom lengta etter foten.
Eit lita krulla pløse
og hælen skakk og rom,
ja, heile skoen verka litt av moten.

Eg stiltra meg til senga
og fann ein liten fot
så god og mjuk og varm og la mot kinnet.
- Eg minnest ofte skoen,
når dagen gjeng imot -
og no som dengong ljosnar eg i sinnet.

Så mang ei mor lyt gøyme
på småe barneskor,
og ber i einsemd sine tunge minne.
Og difor er eg takksam
for eg får vera mor
og leggja liten barnefot til kinnet.
Ingebjørg Kasin Sandsdalen

Børnene

Først var de sød forventning
og stor, unævnelig glæde -
i slægt med skyer og stjerner
og allevegne tilstede.

Så blev de levende, nære,
spæde, selvstændige tanker -
to øjne der spejler månen,
et hjerte der ensomt banker.

Småbitte fødders trippen
lød over hele huset,
lyder endnu i vort hjerte,
vemodigt i nattesuset.

Pludselig løfted de blikket
og glemte de barnlige lege,
fik fjerne, urolige øjne
og længsel mod mørke veje.

De rejste de unge nakker
og fik det for trangt i huset -
regnen viskede hurtigt
sporene ud i gruset.

Regnen skyllede hastigt
tårene bort fra kinden -
de ru, forandrede stemmer
blafrede bort med vinden.

Men fordi de var gode børn
så vi dem oft siden;
to timer ved søndagskaffen
sad de og spildte tiden,

gik så hen under aften,
hvorhen fik vi aldrig at vide -
vi vinkede til dem fra lågen,
stumt, ved hinandens side.

Mørket er blidt og varsomt,
regndråber er så rene -
gode børn er en gave.
Det er ondt at være alene.
Tove Ditlevsen

Så har dei visst det heile tida

vektlaus vender eg meg i
månens mørke rom

veit at nokon må ha visst
alt dette, heile tida

visst om pusten til
det sovande barnet

visst om dei smale
kanalane som fører inn til
dei søta romma

mine kraftlause rom?
Brit Bildøen

Sju vindar

Sju vindar, sju vindar
sulla og song.
Sju vindar, sju vindar
fann himmelen trong.

Sju vindar, sju vindar
møttest i kast.
Då vart det runddans,
då rauk det kvast!

Sjun vindar, sju vindar
skilde lag.
Og alle vindar
søv i dag.
Olav H. Hauge

Lunatic

Man kan si mye om månen,
men alle kan se
at den ikke blir full
i ny og ne.
Dag Evjenth

Del denne siden